Sommaren 2020

Året er spesielt med Koronasmitten, men draumane er dei same og segltur var greit. Det blei nordover att. Me har tidlegare vore i Lofoten og Vesterålen to gonger, men det er mykje att å oppleva nordaføre! Seglturen strekte seg over 4 veker frå slutten av juni og me var i alt 8 på eventyr. Støtt er det noko som må ordnast og no var det manglande kjølevatn til motor. Båtsmia på Færøy ordna det sjølvsagt. Vindforholda denne sommaren var ikkje nokon utfordring på anna vis enn at det vart mykje motorisering. Som ofte var det mykje båtar i dei større hamnene og lite i dei mindre. Begge deler er fint.
Det vart no tydeleg å sjå at det «grøne skiftet» øydelegg kysten vår. I området frå Trondheimsleia og til Hustadvika er det kolosalt med store vindturbinar. I det verste området kunne me sjå 5 sokalla «parkar» samtidig. Me var innom Haramsøya for å sjå øya som vert totalt dominert av dette, men ingen turbinar var reiste her enno. Stakkars folk!
I Kristiansund trefte me Vindreken og feira med middag i bacalaoland.
Namsos kunne ikkje by på ei einaste trygg bryggje for seglbåtar, men ein spasertur langs kaiane om kvelden, resulterte i at me vart tilbydde å liggja utanpå ein fin lektar. Greie folk. Men Rock City var det ikkje lenger. Nedlagt for år sidan.
Me tok ein dags pause i Haram for å sikta oss inn på betre ver til å runda Statt. Ut Rovdefjorden møtte me ein kvalflokk av ukjent sort. Dei var mørke og 4-5 m lange. Fint avvvik i ein kjedeleg fjord. Ved midnatt passerte me Kjeringa på Stattlandet i rotete sjø, men lite vind. Silda vart høveleg nattehamn som ofte før. Distanse 800 nm.

Draumen på Myken 2013

Orknøyane og Shetland 2019

Minnestøtte

Minnestøtte over Nordsjøfarten i Scalloway

Nok ein sommar gjekk turen til øyane i vest: Shetland, Fair Isle og Orknøyane. Første legg vart Eivindvik-Shetland over ein litt hustrig Nordsjø; 10 grader med skodde og litt regn. Me sigla inn i bukta ved Grutness, sør ved Sumburgh og ankra på god botn og lune forhold. Deretter sørover til Fair Isle, som er den finaste av alle. Dessverre brann fugleobservatoret ned i vår, so det var ingen samlingsstad i land for dei etterkvart mange båtane som er innom hamna midtsommars. Stronsay, Kirkwall og Sanday før retur til Fair Isle og Lerwick. Stadig skifte av mannskap og betring i veret mot slutten av turen. Etter grei overfart sigla me inn på Utvær ei morgonstund, for sidan å avslutta turen på Færøy.

780 nm

Sørvestlandet 2018

Sommaren 2018, den heitaste i manns minne. Draumen seig i roleg ver sørover vestlandskysten. Til arabarane, der me trefte Vindreken. Saman besøkte me Lykjelsøy, Husnes og Rosendal, før me enda i Florø. Rolege sommarar kan vera fine, men litt havsvatn under kjølen er heller ikkje å forakta. Neste år?

Sommaren 2018, evig sol

Sommaren 2018, evig sol

Heimafylket 2017

Ved Sandøya mot Lofotfjella

Draumen på nordsida av Lofoten

Det vart ingen lengre tur denne sommaren, men ein rundtur i eige fylke er ikkje kjedeleg i Sogn og Fjordane. Midt på Vestlandet har kysten mykje å tilby ein rekande fant. Fjordar, øyar, holmar og skjer, samt nokre småbyar og tettstadar tek imot sjøfararar. Det er ikkje langt mellom verken småbåthamner eller ankringsstader. Ikkje alle gjestekaiar er like godt eigna til seglbåtar – som den i Berle ved foten av Hornelen. Her stod me lenge på grunn etter å ha fortøydd ved flo sjø. Det gjekk greitt sidan botn var mest sand.

Dei to skottane i Calloo segla me i lag med ei veke. Og kobbeskjerskvelden fekk me med, om enn i regnver og lite besøk i år.

Skottland 2016

No er det kun Staffan og meg

Med kurs for Cape Wrath

Det vart rundtur i gamalt norsk landskap sommaren 2016. Frå Bergen via Kaledoniakanalen og nordover langs dei Ytre Hebridane før me kryssa Pentlandsfjorden til Orknøyane. Heimturen gjekk via Fair Isle og Shetland til Gulen. Draumen har to gonger tidlegare sigla motsatt veg. Verutsiktene på ein slik tur er ikkje dei beste, men me kom rimeleg greitt frå det i år og hadde fleire dagar med opphaldsver. Dessutan hadde me motvind kun den dagen me skulle sørover til Islay og då la me om kursen og enda i Tobermory på Mull i staden for. Det var nok eit tap at me ikkje fekk med oss den viktigaste whiskyøya i verda. Her blant tang, torv og myrsig er det at dei mest karakteristiske whiskyane vert til. Her heiter grendene Laphroig, Ardbeg, Bowmore osv. På Mull er det berre Tobermory (som også lagar Ledaigh), men det er ein fargerik liten by med ei god hamn.

Frå no vart det øyhopping, først til Canna (Small Isles) vidare til South Uist og forbi heile rekkja av dei Ytre Hebridane og til sist Lewis med Stornoway som den einaste byen her ute. Den er ganske stor og har no fått ein moderne marina med god plass.

Her vart Staffan og meg åleine resten av turen. Staffan skal deretter gå Norge på langs og Draumen inntek Sognefjorden att. Men først eit roleg slag over The Minch, forbi Cape Wrath og til ein litt utsett ankringsplass bak Eilean Hoan i Loch Eriboll. Stille kveld, men bråvakning av kulingkast om natta. Men ankeret sat godt fast i sand, så me la oss att etter at den verste vinden også la seg. Overfarten frå Scrabster til Orknøyane si austside var godt tima med tidevatnet, men me merka kor kraftig straumen her er likevel. Så var det melkeruta Kirkwall, Fair Isle og Lerwick. Med all respekt for Mark og Giles (som me møtte på Fair Isle) som sigla motsett veg i ein gamal trebåt på 21 fot over frå Shetland til Kirkwall. Det måtte vera heller ukomfortabelt i den straumsjøen som alltid er her når vinden er vaken.

Draumen humpa vidare nordover frå Fair Isle og hadde si siste ankringsnatt ved Grutnesvågen før Lerwick. Siste legg starta i blandingssjø (fleire bølgjeretningar samtidig) og laber/frisk bris, med nedroing etter kvart som gamlelandet viste seg i horisonten. Siste overnatting på Litle Kvernøy. Deretter litt avslapping i Sunnfjord nokre dagar etter at sistemann av mannskapet hadde forlete skuta. No ventar fjellet.

Island 15

Harpa

Kulturhuset Harpa ligg ved seglbåthamna

Sogn-Færøyane-Vestmannaøyar-Island og retur inkludert Unst, Shetland. Det vart lenger vest enn nokon gong denne sommaren. Første etappen enda i Torshavn etter grei seglas. Vår kjære trubadur, Hanus G. deltok på middagen på Marco Polo og underholdt oss seinare ombord. Neste legg førte oss til eit stort land med imponerande fjell og jøklar. Mektige Vatnajøkull voks sakte ut av disen før den forsvant att bak oss. Så miste autopiloten kontrollen og me måtte handstyra i sjøgang og gråver til Heimaøy, Vestmannaøyar. Etter oljepåfylling kunne me overlata styringa vidare til Reykjavik til den igjen. Heimaøy er den som måtte evakuerast i januar 73 då Eldfjell spydde lava over store deler av byen. Ei stor (om enn lita) fiskerihamn med ferje til fastlandet. Kveldstur til Heimaklettur freista jentene, men ikkje skipparen. Fytti. Reykjavik framstod som ein stor, liten by, med mange byggkranar og nye glasfasadar. Nokon her har pengar etter kollapsen nokre år attende. Det var eit titals seglarar på tur her og det viste seg at dei fleste skulle vidare. Til Grønland, Canada og lenger. Ei vekes tid var me i Reykjavik og fekk med oss ein del attraksjonar før baugen på nytt vende til havs. Denne gongen såg me fleire titals kval i ein flokk, der me var sentrum. Truleg grindkval, men også eit stort dyr som laga 25 m høge fontener i motlyset. Den som i liten båt nærmar seg Straumøy (hovedøya på Færøyane), må ta hensyn til straumforholda. Det hadde me planlagt eit døgn, så me trefte det bra.

Hamna i Torshavn var full sidan det snart var olsok (Olavsøka), med all moroa som følgjer med. Songen og dansen med forsangar var i tradisjonell stil, der mange tusen deltok i ringen ved midnatt. Færingar i alle aldrar pluss ein del seglarar og turistar deltok med liv og lyst. Det var plass til alle sjølv kor trangt det var i eit lite sentrum. Det er triveleg å vera med på denne historieoverleveringa – som tiltaket er.

Siste økt gjekk via Unst på Shetlandog Baltasund før fjordane på Vestlandet på nytt opna seg.

Vestaføre 14

St Ninian

Foto: Stranda mellom Mainland og St. Ninian er fantastisk.

Sommarturen 2014 vart ein tur langs «melkeruta» Shetland-Orknøyane. Frå Eivindvik er det ca 165 nm til Baltasund på Unst, den nordlegaste av Shetlandsøyane. Her er ymse attraksjonar: Eit hotell som aldri har plass til matgjester, ein butikk som ikkje eksisterer (i allefall ikkje på hamnesjefen sitt heimelaga kart over staden), Skottlands nordlegaste bryggeri, eit svensk vikingskip frå eit havarert prosjekt, ein plastveg til fuglefjella på vestkysten og to-tre stengte kafear. Vidare ein dusj utan vatn og ei flytebrygge for gjestebåtar på land. Men folka er det ikkje noko å sei på, hjelpsomme og hyggelege. Sidan det ikkje var leigebilar å oppdriva, køyrde butikkeigaren oss rundt i «drosjen» sin for 20 pund.

På Whalsay vart me serverte til knes på puben av lokal ungdom. På Mid Yell fekk me ein sekk med 100 kamskjel av den lokale fiskaren. Det var dobbelt så mange som dei seks ombord i Draumen klarte å eta til middag. Var det noko kjent her? Jau, det har hendt før ein gong i Symbister. Det er lett å vera vestlending her.

Sidan gjorde skodde at det vart lite å sjå av Shetland og av Fair Isle og like til Sanday på Orknøyane. Eit av to hotell i Kettletoft Bay på Sanday hadde lagt inn årane. Det same hadde skjedd med det einaste i Whitehall, Stronsay. Men på Shapinsay holdt kafeen stand, takka vere kort avstand til Kirkwall og hyppige ferjeavgangar. På Rousay var både hotellet og puben i sving. Og maten var bra, det same med servicen. Alle involverte i hotellet her køyrde «drosje» til og frå ferjekaien.

Så gjekk det nordover att og denne gongen såg me oss kring på Fair Isle. Ei øy som mange andre, men ikkje så mykje i bakevja som ein del av dei andre. Skuldast nok fugleobservatoriet, hamna, naturen og ein høveleg stoppestad mellom nord og sør her borte.

Nordsjøen her holdt 9 grader. Langt uti havet frå norskekysten var den 18! Vanskeleg å forstå trass i Golfstraumen. Over Nordsjøen att var det ingen vind og sol meir enn halvvegs. Resten var det høveleg vind og me brukte tida til å sigle sakte innover Sognesjøen til Losna.

Nordnorge 13

Skomvær fyr

                                                       Skomvær fyr

Nordnorge er ei sjøreise verd. Det kan vera kaldare, naknare og med meir skodde og det er grunt vatn og skjer over alt om du er utanfor den indre hovedleia. Men det er vakkert, dramatisk og fullt av hyggelege folk. Særleg spennande er alle væra, som er strødde utover havet. Dei fleste er fråflytta, men om sommaren er det liv over alt. Ofte var me einaste gjestebåt og brygger for sjøfarande fann me alle stader. Fine ankringsplassar er det rikeleg av og. Her var molter å finna og mat å få kjøpt, museum å sjå og sol i mengder.

Men det var også attgrodde bøar og forlatne hus og nede i Trøndelag har vindturbinane gjort om landskap til industriområde. Det er visst slangar i alle paradis. Nemnde eg oppdrettsanlegga?
Denne gongen kom me eit stykke opp i Vesterålen, til Nyksund. Eit igjenoppstått vær med plass til ein gjestebåt. Med hotell, utstillingar, restaurantar og sommarkonsertar. Busett av entusiastar av mange slag.

Det kan bli fleire turar den vegen.

Orknøyane 12

Borga på Mousa (Måsøy) er den best bevarte av sitt slag i Skottland. Slike borger er frå før vikingtida.

Sommarturen 2012 gjekk nok ein gong over Nordsjøen. I år med mest tid på Orknøyane. Det er 3 marinaer på øyane og i tillegg er det greitt å bruka dei offentlege pirane om me vil i land utan å bruka jolle. Det vart besøk på fleire nye øyar og med syklar fekk me god oversikt på land. Me møtte att mannskapet frå nabobåten frå Shetland i fjor og dette førte til ein biltur rundt halve Mainland og besøk på fleire sentrale historiske attraksjonar. Orknøyane er «litt vårt» og dei er stolte av det. Her er det rikeleg med utstillingar og tilgjengelege attraksjonar for besøkande på alle øyane.

Shetland 11

Tomboloen Shetland2011-2
St. Ninian heng saman med Mainland med denne stranda Hestakos på Yell

Om ikkje noko anna mål peikar seg ut for ein høveleg sommarseglas, ligg Shetland der som før og kan tilby alt ein seglar seglar for. Spennande straumar, grøne sletter, klippekystar og lange sandstrender, ankringsplassar og hamner over alt. Og barar med sitt sosiale liv i alle hamner. Dialekten er strålande for ein vestlending. Etter ei ganske frisk og rask oversegling og ei stille natt i Baltasund, var det første me høyrde neste morgon eit rop retta mot Draumen. Det var ein sognesiglar frå Flåm som kjende oss i det han seig forbi. Nordsjøen er både stor og liten.

Mid Yell ligg som namnet seier midt på øya Yell og her møtte me ein blid fiskar som fekk full pott på speleboksen, dermed spanderte han ein runde på alle i puben. Den same spandable innstillinga møtte me også i Scalloway og her vart me kjende med 2 kjekke karar. Sidan det var Tall Ships Races både i Scalloway og Lerwick, var det eit sværa gateliv med opptog og konsertar, sekkepiper (hjelp) og til og med brenning av eit vikingskip (sommarvariant av Up-Helly-A). Mannskapet som hadde sigla med frå Eivindvik mønstra av etter kvart, men det kom også ein heilt ny systrending flygande slik at me holdt skuta i drift. Alt mannskap denne sommaren var førstereis, men det var det ikkje lett å merka noko til. Solide karar og dame var det.

Papa Stour hadde som alle andre bebudde øyar ein flyplass, men dei innfødde virka skye og det var berre ei eldre dame med sauesaks som retta seg opp og snakka til oss. Buktene innanfor St. Ninian har alltid virka forlokkande på meg og ei nattehamn her vart ei flott oppleving. Me åt ingen av kaninene (sjølv om me burde). Rundt Sumburgh på sørspissen tok me i roleg ver etter diverse anna ver nokre dagar, og deretter låg me verfast i lag med mange andre utanfor båthamna i Lerwick. TSR-flåten hadde einerett til indre hamn, men det enda med at ein del lystbåtar også berga seg inn dit. Me låg greitt ilag med ein gjeng mindre båtar, som viste seg å innehalda trivelege folk (som alltid) og hadde det fint i kulingen. Stadig nærverande Martin og Andrew var også her etter at planane om norskekysten stranda grunna vindforholda. Me var to tilbake til Eivindvik att, men det vart mange nok på Utkantfestivalen. No er det berre ein vinter att…