Færøyane 09

Færøyane
Draumen i Nordsjøen. Foto: Rune Amundsen.

Seglturen Vestlandet-Færøyane er også ei reise i tid. Attende til ei tid der folk tok imot og vare på kvarandre. Og til eit sosialt liv som ikkje berre er fylt av støy som skapar avstand. Blant mange store opplevingar er desse: Ei jente på 20 syng Sønnavindsvalsen på færøysk til eit musestille publikum, akkompagnert av ein eldre gitarist. Eller Hanus som syng om å kasta anker på Tidens hav til ein fullsett sal som syng med. Men også at Hanus har sett tone til «Det er den draumen» og framførde den ein kveld i Draumen, var stort.
Turen til øyane med Olavsøka starta i Bergen midt i juli. Med full båt sigla me inn på vågen ved Out Skerries halvtanna døgn etterpå. Same ettermiddag kom me til Symbister på Whalsey og som einaste gjestebåt fekk me oppleva gjestfridomen ute på bygda på Shetland. To gonger fekk me filetert makrel og ein gong ein sekk med kamskjel. Ferjeskipparen gav oss tidevasstabellen. Men i alt var me der kun i 30 timar (med innlagt busstur til Lerwick). Her kjem me attende!
Det gjekk unna i medstraumen gjennom Yell-sundet og kursen stod på Sudrøy på Færøyane. Etter frisk seglas kom me inn om kvelden og la til langsides Johanna i Våg. Johanna var svart tjøre på tre og skulle til Torshavn som alle andre for å feira Olavsøka. Her var ei uvanleg farga og stor kyrkje, ikkje som vanleg ei trekyrkje med torvtak. Og Bjørn Gisle inviterte til konsert sidan den også hadde flygel. I Våg slutta skotske Calloo seg til oss og me kjempa oss gjennom straumane ved Stora og Litla Dimun før me kom inn til Sand på Sandøy. Indre hamn er som å gå i land, ikkje er rukke rakk inn hit.
Vidare seglas var også etter råd frå lokale folk og me passerte Kyrkjebø på tvers med 5 knops straum før Torshavn opna seg. Her vart me vinka inn i eit hol og sette fast i naboane som alle andre. Sidan var det berre å vera med straumen i det som er nasjonalfeiringa her. Masse konsertar og andre kulturprogram i over ei veke. Ein natt var det bryggjedans til kl 04 der orkesteret var plassert 5 meter frå oss. Men det vart aldri noko bråk eller tøys av den grunn. Folk oppførde seg og musikken var berre triveleg. Nokre av oss sat ute i natta, medan andre somna…. Høgdepunkt var urframføring av ei kantate for kjempekor og blanda orkester med sangsolistar. Midt i Torshavn: Tinghuset, hovedgata og torget. Same området der allsongen gjekk føre seg sjølve Olsokafta og med påfølgjande ringdans med mange tusen deltakarar. Ei eigenarta oppleving å vera ei lita brikke i denne kjempedansen.
Færøyane er trivelege og  me kjem gjerne att! Bjørn Gisle tok avskjed med å syngja «Ut mot havet» utover heile hamna då me for derifrå. Ikkje utan vemod. Det høyer med til historia at Calloo møtte ein liten storm nord for Orknøyane på heimveg og måtte leggja bi. Me møtte eit helikopter som tok dei flotte bileta av båten under segl i Nordsjøen.