Frå stålplater til Spray

Årets kaldseglas enda i Vik. I ein svak bris sigla me sakte og sutalaus rundt Vangsneset medan det nye bomtrekket vart montert for andre gong. Denne gongen med kraftigare glidelås. I Vik  held ein trottig kar på med sveising. Dersom han vert ferdig, skal 18 tonn stålspray senkast ned i fjorden ein gong. 45 fot lang og 4,25 brei. Førebels brun.. 3 båtar og 2 damer tok del i turen og heile mannskapet var å sjå på Dampen utpå kvelden. Returen var av det grå slaget, men også den hadde sin sjarm. Sakte langs strendene før vinteren. Det er 2. november 2008.