Båten

Bilde 054-redusert kvalitet

OverSeas 40

Rolf Eliasson

er konstuktøren bak Overseas 35 og 40.  Prototypen til 40 fotaren vart bygd utan form i to eksemplar.  Ein til Rolf og ein til ein finne. I 9 år bygde Rolf på båten sin før den var ferdig.  Han er båtkonstruktør og ville i denne båten skapa sin eigen ideelle langturbåt. Tidlegare hadde han teikna 35 fotaren, som er bygd i 20-30 eksemplar av sjølvbyggarar.  Denne båten er vesentleg mindre enn dagens 40 fotar, men konseptet er liknande: ein solid og komfortabel båt som kan handterast av eit lite mannskap, eller åleine. I tillegg til desse båtane har Rolf teikna båtar for den svenske marinen, samt fleire Nimbus motorbåtar.

Konstruksjonen

Skrog  og overbygg er glasfiberarmert polyester i sandwichkonstruksjon med divinycellkjerne.  Båten har semilang kjøl i bly.  Kjølen har moderate vengjer og er i to trin, festa med boltar.  Dersom båten går på ein stein eller undervannsskjer med blykjølen, vil dei to trina fordela sjokket på store deler av skroget – og båten vil neppe ta skade av dette.  Forskipet har eit vasstett skott og  det er støypt ein ekstra vasstank som ligg under vasslinja. Det same gjeld og for dei to sidetankane som ligg under benkene i salongen. Dette gjer at båten skal kunna flyta dersom den får slege hol i baugen eller i sidene der tankane er.  Masta er gjennomgåande og står på ein solid H-bjelke som er lagra på avstivingar til skroget.  Trykket frå masta vert difor spreitt utover eit stort område.

Båten er gjennomgåande solid bygd og sikkerheita er teken konsekvent vare på i dimensjonering og utstyrsval.  Eit godt døme på dette er rekkestøttene, som er vesentleg høgre enn vanleg og bøyleforma – ingen spisse støtter ein kan skada seg på ved fall.

Innreiing

Alt treverk er mattlakkert mahogny, unnateke dørkane som er ubehandla teakfiner.  Innvendig tak er glasfiberplater.  Båten har 2 lugarar og køyplass for 7/8.  Toalettet og byssa ligg nær bevegelsesenteret til båten, noko som gjer det til ei enkel oppgåve å bruka toalettet i sjøen.  Dekkshus er ein stor fordel på båtar som er i bruk heile året og i vår del av verda.  Det er flott å kunna ta nattevakter eller regnversdagar innandørs – når forholda tillet dette.  Det er betre å vera varm og turr enn kald og våt…

Rigg og utstyr

Draumen er kutterrigga, det vil sei at den har eit kutterstag (babystag) innanfor forstaget med ei lita fokk – kuttarseglet. Dette er eit spesielt viktig segl i uvær. Genoaen er på rull og storseglet er konvensjonelt med tre rev, der to er binderev (eiga line fast i seglet til nedhaling). Alle fall og reveliner står festa på masta. Rormannen kan håndtera alle skaut utan å gå frå roret.

Elektrisk ankervinsj med 100 m 10 mm kjetting og 25 kg Spadeanker som kan firast frå rorplassen.  Radar. Kartplotting på PC. Båten har 3 varmekjelder: varmluftvifte på 10 kw som går på motoren sitt kjølevatn, dieseldrive vamluftapparat på 4 kw og diesel/parafinomn på 5 kw. Redningsflåten har plass til 8 personar. Gummibåt er lagra i rom på fordekket og 2 syklar i rom på akterdekket. Elles har båten alt vanleg utstyr og fullt landstraumopplegg.

tegning

LK 6574 «DRAUMEN» NOR 9326
LOA 12,10 m Deplasement 10,5 t Storsegl 37 m2
LWL 10,30 m Blykjøl 4,2 t Rullegenoa 46 m2
BOA 3,83 m Vatn 650 l Kutterfokk 16 m2
Djup 1,82 m Diesel 480 l Samla areal 99 m2
Material GRP sandwich Parafin   50 l Motor Yanmar 53 hk
Reklame