Vestaføre 14

St Ninian

Foto: Stranda mellom Mainland og St. Ninian er fantastisk.

Sommarturen 2014 vart ein tur langs «melkeruta» Shetland-Orknøyane. Frå Eivindvik er det ca 165 nm til Baltasund på Unst, den nordlegaste av Shetlandsøyane. Her er ymse attraksjonar: Eit hotell som aldri har plass til matgjester, ein butikk som ikkje eksisterer (i allefall ikkje på hamnesjefen sitt heimelaga kart over staden), Skottlands nordlegaste bryggeri, eit svensk vikingskip frå eit havarert prosjekt, ein plastveg til fuglefjella på vestkysten og to-tre stengte kafear. Vidare ein dusj utan vatn og ei flytebrygge for gjestebåtar på land. Men folka er det ikkje noko å sei på, hjelpsomme og hyggelege. Sidan det ikkje var leigebilar å oppdriva, køyrde butikkeigaren oss rundt i «drosjen» sin for 20 pund.

På Whalsay vart me serverte til knes på puben av lokal ungdom. På Mid Yell fekk me ein sekk med 100 kamskjel av den lokale fiskaren. Det var dobbelt så mange som dei seks ombord i Draumen klarte å eta til middag. Var det noko kjent her? Jau, det har hendt før ein gong i Symbister. Det er lett å vera vestlending her.

Sidan gjorde skodde at det vart lite å sjå av Shetland og av Fair Isle og like til Sanday på Orknøyane. Eit av to hotell i Kettletoft Bay på Sanday hadde lagt inn årane. Det same hadde skjedd med det einaste i Whitehall, Stronsay. Men på Shapinsay holdt kafeen stand, takka vere kort avstand til Kirkwall og hyppige ferjeavgangar. På Rousay var både hotellet og puben i sving. Og maten var bra, det same med servicen. Alle involverte i hotellet her køyrde «drosje» til og frå ferjekaien.

Så gjekk det nordover att og denne gongen såg me oss kring på Fair Isle. Ei øy som mange andre, men ikkje så mykje i bakevja som ein del av dei andre. Skuldast nok fugleobservatoriet, hamna, naturen og ein høveleg stoppestad mellom nord og sør her borte.

Nordsjøen her holdt 9 grader. Langt uti havet frå norskekysten var den 18! Vanskeleg å forstå trass i Golfstraumen. Over Nordsjøen att var det ingen vind og sol meir enn halvvegs. Resten var det høveleg vind og me brukte tida til å sigle sakte innover Sognesjøen til Losna.