Siglarlaget i siget att

27. august 2016 var sognesiglarar samla på Kaupanger etter nokre års avbrot. Me mønstra 7 båtar og 30 medlemar. Det er bra i ein så grisgrendt fjord med store avstandar. På Kaupanger er det maritimt og på veg frå Heimebryggja til Sogn Fjordmuseum passerte me Indre Sogn Kystlag og fekk innføring i livet til ein gamal føringsbåt frå Nordnes. På kaia til museet låg der fortøydd 3 færingar og 2 åttringar og inne i museet vart det mange båtar, med Storebåten som den aller største. Ei lita jekt.

Deretter vart det middag i den romslege stova til Odd og Gunvor. Bjørn Gisle og Akiko har vore med oss mange gonger og også no gav dei oss ei stor oppleving med song og piano.