Skottland 2016

No er det kun Staffan og meg

Med kurs for Cape Wrath

Det vart rundtur i gamalt norsk landskap sommaren 2016. Frå Bergen via Kaledoniakanalen og nordover langs dei Ytre Hebridane før me kryssa Pentlandsfjorden til Orknøyane. Heimturen gjekk via Fair Isle og Shetland til Gulen. Draumen har to gonger tidlegare sigla motsatt veg. Verutsiktene på ein slik tur er ikkje dei beste, men me kom rimeleg greitt frå det i år og hadde fleire dagar med opphaldsver. Dessutan hadde me motvind kun den dagen me skulle sørover til Islay og då la me om kursen og enda i Tobermory på Mull i staden for. Det var nok eit tap at me ikkje fekk med oss den viktigaste whiskyøya i verda. Her blant tang, torv og myrsig er det at dei mest karakteristiske whiskyane vert til. Her heiter grendene Laphroig, Ardbeg, Bowmore osv. På Mull er det berre Tobermory (som også lagar Ledaigh), men det er ein fargerik liten by med ei god hamn.

Frå no vart det øyhopping, først til Canna (Small Isles) vidare til South Uist og forbi heile rekkja av dei Ytre Hebridane og til sist Lewis med Stornoway som den einaste byen her ute. Den er ganske stor og har no fått ein moderne marina med god plass.

Her vart Staffan og meg åleine resten av turen. Staffan skal deretter gå Norge på langs og Draumen inntek Sognefjorden att. Men først eit roleg slag over The Minch, forbi Cape Wrath og til ein litt utsett ankringsplass bak Eilean Hoan i Loch Eriboll. Stille kveld, men bråvakning av kulingkast om natta. Men ankeret sat godt fast i sand, så me la oss att etter at den verste vinden også la seg. Overfarten frå Scrabster til Orknøyane si austside var godt tima med tidevatnet, men me merka kor kraftig straumen her er likevel. Så var det melkeruta Kirkwall, Fair Isle og Lerwick. Med all respekt for Mark og Giles (som me møtte på Fair Isle) som sigla motsett veg i ein gamal trebåt på 21 fot over frå Shetland til Kirkwall. Det måtte vera heller ukomfortabelt i den straumsjøen som alltid er her når vinden er vaken.

Draumen humpa vidare nordover frå Fair Isle og hadde si siste ankringsnatt ved Grutnesvågen før Lerwick. Siste legg starta i blandingssjø (fleire bølgjeretningar samtidig) og laber/frisk bris, med nedroing etter kvart som gamlelandet viste seg i horisonten. Siste overnatting på Litle Kvernøy. Deretter litt avslapping i Sunnfjord nokre dagar etter at sistemann av mannskapet hadde forlete skuta. No ventar fjellet.