Shetland 11

Tomboloen Shetland2011-2
St. Ninian heng saman med Mainland med denne stranda Hestakos på Yell

Om ikkje noko anna mål peikar seg ut for ein høveleg sommarseglas, ligg Shetland der som før og kan tilby alt ein seglar seglar for. Spennande straumar, grøne sletter, klippekystar og lange sandstrender, ankringsplassar og hamner over alt. Og barar med sitt sosiale liv i alle hamner. Dialekten er strålande for ein vestlending. Etter ei ganske frisk og rask oversegling og ei stille natt i Baltasund, var det første me høyrde neste morgon eit rop retta mot Draumen. Det var ein sognesiglar frå Flåm som kjende oss i det han seig forbi. Nordsjøen er både stor og liten.

Mid Yell ligg som namnet seier midt på øya Yell og her møtte me ein blid fiskar som fekk full pott på speleboksen, dermed spanderte han ein runde på alle i puben. Den same spandable innstillinga møtte me også i Scalloway og her vart me kjende med 2 kjekke karar. Sidan det var Tall Ships Races både i Scalloway og Lerwick, var det eit sværa gateliv med opptog og konsertar, sekkepiper (hjelp) og til og med brenning av eit vikingskip (sommarvariant av Up-Helly-A). Mannskapet som hadde sigla med frå Eivindvik mønstra av etter kvart, men det kom også ein heilt ny systrending flygande slik at me holdt skuta i drift. Alt mannskap denne sommaren var førstereis, men det var det ikkje lett å merka noko til. Solide karar og dame var det.

Papa Stour hadde som alle andre bebudde øyar ein flyplass, men dei innfødde virka skye og det var berre ei eldre dame med sauesaks som retta seg opp og snakka til oss. Buktene innanfor St. Ninian har alltid virka forlokkande på meg og ei nattehamn her vart ei flott oppleving. Me åt ingen av kaninene (sjølv om me burde). Rundt Sumburgh på sørspissen tok me i roleg ver etter diverse anna ver nokre dagar, og deretter låg me verfast i lag med mange andre utanfor båthamna i Lerwick. TSR-flåten hadde einerett til indre hamn, men det enda med at ein del lystbåtar også berga seg inn dit. Me låg greitt ilag med ein gjeng mindre båtar, som viste seg å innehalda trivelege folk (som alltid) og hadde det fint i kulingen. Stadig nærverande Martin og Andrew var også her etter at planane om norskekysten stranda grunna vindforholda. Me var to tilbake til Eivindvik att, men det vart mange nok på Utkantfestivalen. No er det berre ein vinter att…