Skottland 10

Skottland
Til ankers ved Tobermore på Mull

Skottland er nær og annleis. Det gjeld både fastlandet og øyane. Shetland er naturleg førstestopp, sidan det kjem først for ein sogning. Men Fair Isle var meir spennande sidan det var første gong. Ein spasertur på markene førte til stadige angrep frå joane som herska her. Og dei virka farlege, sjølv om dei aldri var borti oss. Mindre farlege var øybuarane som inviterte alle seglarane (ca 8 båtar låg i nordhamna) til fest (i sørhamna) om kvelden. Intimt og triveleg, med rikeleg og levande musikk.

Orknøyane er annleis, med mykje meir husdyr, men fattigare innbyggarar sidan dei ikkje driv fiske som shetlendarane. Stromness er nest største by med ca 2000 innbyggarar… Men ein åntle by, med mange pubar, hotell og byhus i gatene. Hoysundet var ruske med straum mot tidevatn. Ein amerikanar fekk fyllt cockpit på veg inn. Draumen fekk vaska seg i ei vannvittig(?) berg- og dalbane på veg ut.

Været var ikkje på vår side alltid og det vart ein vestlandssommar med sørvest, men det kom seg frå Oban og gjennom Kaledoniakanalen. Her nytta me høvet til å håva inn mykje kantarell i bjørkeskogen langs breidden. Til glede for oss, naboen og slusevakterska. Slusing vert det nok av på ein gjennomfart, men det er likevel triveleg og ein ok snarveg som sparar oss for å gå vegen om Cape Wrath attende. Me var innom klosterliv og landsbyliv på austkysten av Orknøyane før me på nytt entra Fair Isle sine grøne bakkar, denne gongen med anna mannskap.

Heimturen gjekk i eitt unnateke kort stopp i Skjerjehamn og badeliv i Suppham. Dagen etter ferja me 80-årsselskapet hans Anders til Frøys vik.