NANO er heime att

Nano
Nano er nr 2 frå venstre.

Årdalsbåten NANO sigla sørover etter Balejazz 2006. Seglasen gjekk til Kanariøyane, over Atlanteren til Karibia, via Azorane tilbake til Sognefjorden – den vakraste av alle. Fredag 31. august 07 var det 8 båtar frå Siglarlaget som tok i mot Nigel og Rønnaug på Kaupanger. Det vart ein fin kveld i godveret, med middag på heimebryggja. Film og bilete vart viste på tradisjonelt vis: på storseglet til næraste båt