Draumen er til sals!

Sjå https://www.finn.no/boat/forsale/ad.html?finnkode=299050580

Sommaren 2020

Året er spesielt med Koronasmitten, men draumane er dei same og segltur var greit. Det blei nordover att. Me har tidlegare vore i Lofoten og Vesterålen to gonger, men det er mykje att å oppleva nordaføre! Seglturen strekte seg over 4 veker frå slutten av juni og me var i alt 8 på eventyr. Støtt er det noko som må ordnast og no var det manglande kjølevatn til motor. Båtsmia på Færøy ordna det sjølvsagt. Vindforholda denne sommaren var ikkje nokon utfordring på anna vis enn at det vart mykje motorisering. Som ofte var det mykje båtar i dei større hamnene og lite i dei mindre. Begge deler er fint.
Det vart no tydeleg å sjå at det «grøne skif\tet» øydelegg kysten vår. I området frå Trondheimsleia og til Hustadvika er det kolosalt med store vindturbinar. I det verste området kunne me sjå 5 sokalla «parkar» samtidig. Me var innom Haramsøya for å sjå øya som vert totalt dominert av dette, men ingen turbinar var reiste her enno. Stakkars folk!
I Kristiansund trefte me Vindreken og feira med middag i bacalaoland.
Namsos kunne ikkje by på ei einaste trygg bryggje for seglbåtar, men ein spasertur langs kaiane om kvelden, resulterte i at me vart tilbydde å liggja utanpå ein fin lektar. Greie folk. Men Rock City var det ikkje lenger. Nedlagt for år sidan.
Me tok ein dags pause i Haram for å sikta oss inn på betre ver til å runda Statt. Ut Rovdefjorden møtte me ein kvalflokk av ukjent sort. Dei var mørke og 4-5 m lange. Fint avvvik i ein kjedeleg fjord. Ved midnatt passerte me Kjeringa på Stattlandet i rotete sjø, men lite vind. Silda vart høveleg nattehamn som ofte før. Distanse 800 nm.

Gjesten
Draumen på Myken 2013

Draumen vart første gang sjøsett 17. mai 1999 og har sidan sigla omkring i Europa med same skippar og varierande mannskap. Båten høyrer heime i Sognefjorden, den vakraste av alle fjordar. Kvart år legg båten ut på seglas og treng stadig mannskap.

Kontakt:
einarhusabo@gmail.com
tlf 900 63 355


Det er den draumen me ber på
at noko vidunderleg skal skje.
At det må skje
at tidi skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjelder skal springa
at draumen skal opna seg
at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst om.

Olav H. Hauge