Færøyane 09

Færøyane
Draumen i Nordsjøen. Foto: Rune Amundsen.

Seglturen Vestlandet-Færøyane er også ei reise i tid. Attende til ei tid der folk tok imot og vare på kvarandre. Og til eit sosialt liv som ikkje berre er fylt av støy som skapar avstand. Blant mange store opplevingar er desse: Ei jente på 20 syng Sønnavindsvalsen på færøysk til eit musestille publikum, akkompagnert av ein eldre gitarist. Eller Hanus som syng om å kasta anker på Tidens hav til ein fullsett sal som syng med. Men også at Hanus har sett tone til «Det er den draumen» og framførde den ein kveld i Draumen, var stort.
Turen til øyane med Olavsøka starta i Bergen midt i juli. Med full båt sigla me inn på vågen ved Out Skerries halvtanna døgn etterpå. Same ettermiddag kom me til Symbister på Whalsey og som einaste gjestebåt fekk me oppleva gjestfridomen ute på bygda på Shetland. To gonger fekk me filetert makrel og ein gong ein sekk med kamskjel. Ferjeskipparen gav oss tidevasstabellen. Men i alt var me der kun i 30 timar (med innlagt busstur til Lerwick). Her kjem me attende!
Det gjekk unna i medstraumen gjennom Yell-sundet og kursen stod på Sudrøy på Færøyane. Etter frisk seglas kom me inn om kvelden og la til langsides Johanna i Våg. Johanna var svart tjøre på tre og skulle til Torshavn som alle andre for å feira Olavsøka. Her var ei uvanleg farga og stor kyrkje, ikkje som vanleg ei trekyrkje med torvtak. Og Bjørn Gisle inviterte til konsert sidan den også hadde flygel. I Våg slutta skotske Calloo seg til oss og me kjempa oss gjennom straumane ved Stora og Litla Dimun før me kom inn til Sand på Sandøy. Indre hamn er som å gå i land, ikkje er rukke rakk inn hit.
Vidare seglas var også etter råd frå lokale folk og me passerte Kyrkjebø på tvers med 5 knops straum før Torshavn opna seg. Her vart me vinka inn i eit hol og sette fast i naboane som alle andre. Sidan var det berre å vera med straumen i det som er nasjonalfeiringa her. Masse konsertar og andre kulturprogram i over ei veke. Ein natt var det bryggjedans til kl 04 der orkesteret var plassert 5 meter frå oss. Men det vart aldri noko bråk eller tøys av den grunn. Folk oppførde seg og musikken var berre triveleg. Nokre av oss sat ute i natta, medan andre somna…. Høgdepunkt var urframføring av ei kantate for kjempekor og blanda orkester med sangsolistar. Midt i Torshavn: Tinghuset, hovedgata og torget. Same området der allsongen gjekk føre seg sjølve Olsokafta og med påfølgjande ringdans med mange tusen deltakarar. Ei eigenarta oppleving å vera ei lita brikke i denne kjempedansen.
Færøyane er trivelege og  me kjem gjerne att! Bjørn Gisle tok avskjed med å syngja «Ut mot havet» utover heile hamna då me for derifrå. Ikkje utan vemod. Det høyer med til historia at Calloo møtte ein liten storm nord for Orknøyane på heimveg og måtte leggja bi. Me møtte eit helikopter som tok dei flotte bileta av båten under segl i Nordsjøen.

Tyskland 08

tur08_paa_havet tur08_Ragnvald_2
På havet er det mykje flott lyssetjing Ragnvald med kurs for Helgoland.

Danmark er skilt frå fastlandet av Kielkanalen. Den går gjennom Nordtyskland frå Nordsjøen til Austersjøen og er ein skikkeleg snøggveg. Me sigla nedover den danske vestkysten og besøkte Hvide Sande ved Ringkøbing fjord før me prøvde oss på sandbankane rundt Sylt. Her er det lurt å ha oppdaterte kart, sidan sanden ikkje ligg i ro. Helgoland viste seg mest som ein stor «skipshandel», men byen var fin. I Cuxhafen vart me ropte til på norsk då me entra ei hamn i mørkret. Det var 2 båtar på veg heimatt frå hi sida av Atlanteren.
Kanalen vart ei overrasking sidan me her vart slusa ned. Trass dette låg den som regel høgre enn landskapet rundt. Skogkledde kantar, fulle av fuglesong var det vanlege her. Lite såg me landskap og busetning anna enn langs breddane. Rendsburg låg høveleg til og me låg her nokre dagar. Mannskapsbyte høvde bra med kommunikasjonane til København. Vel ute av kanalen sigla me i eit øvingsfelt for marinen, som hadde full jobb med å jaga utanlandske seglarar ut av området. Det låg jo midt i leia. Heiligenhafen var også ein fin by, med ei svær hamn. I Danmark ankra me nokre gonger, både fordi det er fint å liggja fritt, og fordi det var praktisk for oss. Samsø, Nyborg, Ebeltoft. Heilt ulike stader med kvar sin sjarm. Lenger nord vart det fleire svenske og norske båtar og den hyggeleg stemninga frå sør fortapte seg. Me skippa Skagen og sigla frå Fredrikshavn til Egersund, der me åt middag på loftet etter litt pjask ved Lista. Siste mannskap, Bjørn Gisle gjekk i land i Rosenes dal og i Strandvik møtte skipparen Martin og Andrew frå forrige år i Skottland. Det vart rolege dagar med vener og bading, til slutt på Glesvær.
Sommarturen vart avslutta med Kobbeskjerskvelden på Haugland. Alltid like hyggjeleg.

Irland 07

Brenning.jpg Pentlandsfjorden
Brenning av vikingskip på Isle of Man. Middag over Pentlandsfjorden.
Dona, Ragnvald, Ole og Knut.

For å koma til Irland for ein vestlending, ligg Orknøyane lagleg til for første landkjenning over Nordsjøen. Her møtte me ein armada av hollandske båtar på rundtur. Sidan åt me middag over den ofte utrygge Pentlandsfjorden i svartestilla på flo sjø. I Stornoway vart me minte på risikoen ved havsegling. Der låg ein norsk båt som hadde mista skipparen overbord på ei åleinevakt. Han vart funnen att i drukna tilstand. Sørover dei hebridiske øyane, lite busette men som regel med ei god hamn. Me kunne ikkje besøka whiskydestilleria i Port Ellen på Islay sidan vinden ville noko anna, og hamna er open mot sørvest. I staden besøkte me «Rabbit Island» på nordspissen av Islay. Fin sandstrand og alltid nyfrisert kaninmark. Bangor i Nordirland er ei stor hamn i Belfast sin forgård. Hyggelege pubar og opne menneske over alt. Det same gjeld den vesle byen Portaferry i Strangfjorden lenger sør. Isle of Man med byen Peel vart vendepunktet vårt. Her låg me i «flytedokk» på fjøre sjø. Ein triveleg by med ein stor årleg vikingleir (akkurat når me var der). Her var det omfattande mannskapsbyte før me gav oss i kast med Irskesjøen att. Den andre motvindsdagen på turen sende oss gjennom Crinan-kanalen, som går gjennom istaden for rundt Kintyre-halvøya. Sidan vart det Kaledoniakanalen med trekkspelande mannskap og mange sluser. Inverness er og blir ein stor by. Den oppofrande slusevakta sleppte oss ut kl 04 om morgonen til Nordsjøen att og me fortsette til Whitehills og Martin skotte. Det vart bilkøyring og nokre fine dagar før Bergen venta. Vindretninga sende oss i retning Utsira, men resultatet vart ein triveleg ekstradag i Strandvik.

Som avslutning på sommarturen deltok me på kongeavdukinga i Skjerjehamn og den svært kulturelle Dalsfjordveka med Kobbeskjerskvelden som finale.

Lofoten 06

nordover.jpg
Svartisen ligg nesten ned til fjorden.

Landet vårt er eit fantastisk eldorado for ein siglar, og i 2006 fekk me sjå mykje av det. Leka, Træna og Vega – Stamsund, Kabelvåg og Borg. Stader rike på kultur, natur, fiske og jordbruk. Norveg var og er eit rikt land. 9000 år gamal busetjing på Sanna i Træna, noko av den eldste me har. No fråflytta fordi rikdomen går i andre lommer. Men nord er nord, det kan merkast på temperaturen sommarstid. 10 grader i luft og vatn gjer ingen sommar. Likevel er dette uvesentleg mot alle dei andre verdiane me fann.

Austersjøen 05

media_kattegat_thumb.jpg media_havaristen
Nokre av mannskapet Naboen frå Riga havarerte på Ruhnu

I unnakuling over Jæren, Lista og Lindesnes med Olav førstereis var ein fryd. Over Skagerak til Skagen med si lune sild til frokost. Sidan badeliv i eit stille Kattegat. Som gåsa, katten og hanen såg me det eventyrlege Kronborg slott, deretter Bornholm, Øland og Gotland. Latvia med Riga og konserten i operaen – og naboen som havarerte på Ruhnu (Rønnø) i natta – små hamner skal entrast i dagslys. Saaremaa (Øsel) i Estland, ein ferieby og vendepunktet vårt. Visby på Gotland med det ofslege regnet sitt vert hugsa lenge, men kaldt var det ikkje. At Sverige er eit lågland, fekk me syn for rundt heile sørkysten. Etter fødestaden til Draumen, Lysekil, vart Blindleia ei positiv overrasking med innaskjers lei aldri so langt. Men nordvesten er lei når du er på Sørlandet og skal heimover til Vestlandet att. Då er det godt med motor og hus! Turbåtar må ikkje kjøpast som metervare, men etter bruksverdi. Distanse 2400 nm.

Orknøyane 04

I Nordsjøen

Perfekt Nordsjøseglas

Å gli inn mellom desse låge, grøne øyane ei tidleg morgonstund er det næraste Draumen har vore diktet. Låge og fredlege låg dei der i morgonen og tok i mot ein båt med tre mann som hadde sigla frå Stavanger. St. Magnuskatedralen låg som ein helgen midt i byen og minna oss om farne tider; då nordmenn var heime her vest. Det vart Ring of Brodgar, Maes Howe og Highland Park. Eit hyggjeleg møte med mannskapet på Calloo – 25 fot trebåt som hadde besøkt Sognefjorden i 1979. Skippar Martin reiste for å treffa folk, og i Kirkwall trefte han sogningar og ein sunnfjording. Det var lettare enn å treffa sogningar i Sogn i 79, sa han. Naturlegvis trefte me Kjell frå Askvoll. Han er alltid på den sida av Nordsjøen om sommaren. Denne gongen i Mirrie Dancer og med Jorunn om bord. Neste gong skal me ankra ved strondi på Sandøy òg.

Færøyane 03

media_faeroyane03_mindre_thumb.jpg

Jelena og Hans Kristian på Shetland

Etter mange turar over til Shetland vart Færøyane eit naturleg mål. Det er litt rart at det ligg eit nordisk land forbi det skotske Shetland. Med nordisk språk, utsjånad og byggjestil (eller mangel på slik). Draumen er eit lukkeleg skip, ofte velsigna med mannskap som har kontaktar i alle land. Dette førde til eigen konsert i røykstova på Kyrkjebø med Hanus Johansen. Den færøyske nasjonaltrubaduren song Jakob Sande til eigne melodiar – urframføring. Deretter vart me benka rundt bordet på nabogarden, som gjester hjå det Norsk-Færøyske laget. Ei veke blant slike folk i det storslagne landskapet vest i havet var ei stor oppleving for oss. Distanse 800 nm.

Middelhavet 01/02

GRCKA~11Ankring ved Kastos, Hellas. Januar 2002.

I juli 2001 starta den første lengre turen. Over Nordsjøen og gjennom Kaledoniakanalen til Irland. Over Biskaia og sørover til Gibraltar. I september entra me Middelhavet med Balearane, Korsika, Sardinia og Italia. I desember sigla me rundt ved dei Ioniske øyane i Hellas. Midt i januar snudde me mot vest att og forlet Middelhavet i februar. Tilbaketuren til Vestlandet gjekk gjennom Den engelske kanal. April var ei god årstid å møta norskekysten att etter 10 månader på rek. Distanse 7100 nm.