Haust i Flåm

Vindreken
Vindreken på hamna i Flåm

Helga 3.-4. november 07 var det god bør på Systrondshavet og me la ut for å møta andre siglarar i Flåm. Det var 3 båtar med eit samla mannskap på 14 som møttest utanom turistsesongen. Det vart ølsmaking ved peisen på Ægir bryggeri og påfølgjande middag på Furukroa. Litt uvant med «siviliserte» forhold på haustseglasen, men det får me gjera noko med neste gong. Stjerne i boka for godt båtnamn går til siste tilskotet i laget: Kjell Svarstad i Flåm med «Nedre Himmeriket». Kjell er prest, so dao so.