Haustturen

media_paa_tufte2005

På Tufte i november 2005

Her gjeld det berre å delta. Midt i oktober 2006 var siglarlaget på tur til Lærdal. Først med ei omvising i kystlaget sine prosjekt med byggjing av færingar og kai til naustet. Deretter over ein roleg fjord til ein triveleg kveld på villakssenteret. Noko av det fine med dette laget er at det stadig rekrutterer nye medlemar.

I 2004 og 2005 gjekk turen inn Nærøyfjorden til Tufte. Her har me ein ekte Tufte som regjerer på land, i eit fantastisk landskap. Vinterstille, mørk fjord med ender, krabbegryte over bålet og steinsprang i alle fjellsider. Ei stemning det ikkje finst maken til. 4 båtar og 16 deltakarar på segltur midt i november – det er Siglarlaget Sogn på sitt beste.